SKJÅK-STRYN: Over Kamperhamrane

Denne turen er ein gammal ferdselsveg mellom aust og vest. I nyare tid har den vorte merka av Turistforeininga, slik at det er lettare for alle å finne fram. Den er ein av dei Historiske vandrerutene til DNT. Det er langt, 32,3 km, (og det er berre til Sunndalssetra), så ein bør rekne med å bruke to dagar og overnatte i Skriulaupbu (eller telt). Turen går om Rauddalen, for å koma inn til vestenden av Rauddalsvatnet, kan ein gå merka stig frå gamle Strynefjellvegen, eller frå Framrustsetra. Vi valde det siste, som er den lettaste, og køyrde bil inn til setrene (frå Rv 15 ved Pollfoss).
Stigen er godt merka opp til Raudberget, dit opp er det 3 km. På veg opp til berget går stigen over "Sjomannsslettene", som skal ha namnet sitt frå dei som kom frå sjøen (Skjåkdialekt sjo) vestpå.

Eit stykke lenger framme får du fin utsikt over Rauddalsvatnet, her følgjer vi stigen og vidare langs vatnet. Her går ein stort sett i skog. Midtveges mellom Framruste og DNT-hytta Skriulaupbu kjem stigen frå Grotlisida ned. Det er lett å gå hele vegen langs vatnet.

Det er 13 kilometer inn til Skriulaupbu ved vestenden av vatnet. Hytta er av dei mindre DNT-hyttene, med fire sengeplassar, men fleire madrassar. Den natta vi overnatta der, vart vi sju, så to la seg i matbua. Det er også ei almenningshytte like ved, Raudalsbu, med fire sengeplassar. Vi var der i august, etter at reinsjakta hadde begynt, da er den hytta reservert for jegarar. Det var folketomt der den natta.

Dag to, og vi er klare for andre og den lengste etappen. Veret er ikkje så aller verst. Skilta viser veg i fleire retningar:

Stigen går langs Nedre Leirvatnet. Eit stykke etter det, mellom Nedre og Ytste Leirvatnet, går det av stig til DNT-hytta Slæom. Ei krevjande rute. Vår ruta held fram langs Ytste Leirvatnet, midtvegen her passerer vi Kvitingen læger, ei gjetarbu etter den kjende fjellmannen Svein Kvitingen.


Turen går vidare innover Merradalsbotnen, på 17- og 1800-talet var heile dalen dekt av ein brearm av Sikilbreen, derfor er stigen her mindre synleg. På denne ruta, eit stykke frå stigen, ligg den mest aude plassen i Skjåk (jf oversikt over dei mest aude plassane i alle kommunar). Frå botnen nærmar vi oss fjellpasset over Kamperhamrane. Fjellpartiet har eldgamle, oppmura steintrapper. Trappene vart restaurerte av sherpaer i 2013. På toppen er det ei rekkje store gamle vardar som viser veg vestover (eller austover om ein startar i Sunndal). Det høgste punktet er ca 1250 moh. Ruta er dei fleste stader skildra vestfrå, mellom anna på UT.no, frå det nedlagt gardsbruket, dit det går bilveg. Derifrå er det tre mil og nesten 1000 høgdemeter til Skriulaupbu.


Det skal vera 3000 trappesteg opp det bratte skaret i Kamperhamrane (når ein kjem frå vest), da må det vel vera like mange ned.

Turfølgjet Ingunn og Live Ytrehus. Endeleg komne så langt at vi ser ned mot Sunndalen:

Etter ei lengre nedstiging er vi ved Sunndalssetra:


Eit stykke å gå frå Sunndalssetra til den nedlagde garden, som har røter tilbake til 1300-talet. Garden låg så utsett til at den fleire gonger vart tatt av snøras, det siste store i 1902.

Det går bilveg hit inn, så her kunne vi ønskje at vi hadde køyrt inn ein bil. Det hadde vi ikkje, dermed vart det fem ekstra kilometer å gå ned til Folven. Resten av historia er at vi tok drosje til Stryn, og vart ned nattbussen over fjellet att til Billingen, der vi overnatta.
Det er så mykje interessant og spennande historie å lesa om når det gjeld denne turen. Her ei ei lenke til artiklar frå lokalhistorie.wiki.no: Kamperhamrane.